top of page



ÅSANE CITY
Rapkollektivet ÅSANE CITY har dei siste åra markert seg som ei av dei meir eigne og lovande stemmene på hiphopscena i Bergen. Med ein sound dei sjølve kallar «ekte, tidi og fett», leverer dei ærlege historier rett frå hjertet av bydelen – med både Torgallmenningen og livet i «Å» som bakteppe.
Gjengen har bygd solid buzz i Bergen og stått på scener som Vill Vill Vest og Bergenfest – og ikkje minst spelt framfor kongen sjølv. No tar dei turen frå vestlandsregnet og inn fjorden hos oss <3
Gjer dikka klare for deilig Bergensenergi, tunge beats og ekte Åsane-attitude – midt i Balestrand.
bottom of page
