BALESTRAND BADEKLUBB
Sjølvsagt skal Balestrand Badeklubb spele på festivalen!
Det heile starta ein varm sommar i 2020, då ein gjeng med kreative sjeler samla seg i Balestrand ved Sognefjorden. Fotografer, kunstnarar, musikarar og andre inspirerande folk kom saman med eit felles mål: å skape eit miljø der kreativiteten kunne blomstre fritt. Resultatet blei ikkje berre masse musikk, nye venskap og sterke band, det blei óg starten på noko som skulle vare <3
Sidan den gongen har Badeklubben vore ein fast del av festivalen, og dei har halde fram med å samlast årleg for å lage musikk og dele den med verda. Med utgjevingar som FESTVÅG og Balestrand Badeklubb vol. 2 har dei vist at dette ikkje berre var eit eingongsprosjekt, men ein levande og pulserande del av musikkmiljøet.
No sit dei på ein haug med ny musikk som snart skal sleppast, og vi kan love at det kjem til å smelle greitt. Badeklubben er klare for å skape magi på scena igjen, og vi gleda oss til å dele det med dikka alle!