top of page

COUCHERON

​​Ein av våre eigne – ein ekte badeklubb-legende, ein beats-sjaman, ein lydtryllekunstnar – Coucheron kjem til festivalen med eit skamfett DJ-sett! 
 

Han har vore med sidan starten av Balestrand Badeklubb, og har sett tydelege spor i sounden vår og det vi har skapt saman gjennom åra. Coucheron har ei evne til å kombinere presisjon med kreativ leikenhet, og er ein artist vi alltid har sett opp til – og hatt gleda av å jobba tett med.

Med samarbeid som Kehlani sin «Alive», som sikra han ein
Grammy-nominasjon, til nylege norske hits som «Galopp», «Engel», «Danseproblem» og «Ung & Dum», har han markert seg som ein av dei mest spennande produsentane i landet. Han har jobba med namn som Arif, Stig Brenner, Ruben, Lemaitre og Nick Jonas, og står bak ein imponerande katalog av både eigne låtar og samarbeid.

No kjem han til festivalen med eit DJ-sett som kjem til å sveive opp stemninga og setje fart på fjordlufta.
Gjer dikka klare <3 

BBKF25-artister-250522-Coucheron.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page