DAM SWINDLE
Denne ha vi VERKELEG gleda oss til... DAM SWINDLE kjem heile vegen til Balestrand - eit ekte knipe-seg-i-armen-augeblikk!
Når vi starta festivalen så va det mykje for å draume om å få våre eigne favorittartista til Balestrand. Dam Swindle er ein av desse. Etter vi oppdaga dei i 2017 ha musikken deira vore fast inventar når vi treng å danse. Vi ha prøvd å lokke duoen frå Nederland heilt sidan starten - og endeleg klaffa det!
Dam Swindle starta å røre på seg på den elektroniske musikkscena rundt 2011 – og det tok ikkje lang tid før dei fekk fart på sakene. Dei er kjende for å leke seg sømlaust mellom djupe grooves, funky soul og deilig disko – alt med ein fingerspissfølelse som får det til å sitte som eit skot i både hovudet og på golvet.
Låtar som «The Wrap Around» og «The Break Up» har vore på rotasjon på klubbgolv over heile verda sidan starten, og i nyare tid har dei levert bangerar som «That’s Right» og «Allright – just a tribute». I 2018 slapp dei det kritikarroste albumet High Life, og no er dei klare med Open – eit album der dei slår seg laus med ambient, synthwave og hiphouse. I produksjonen har dei fått med seg folk som komponist Joep Beving og R&B og soul-artist Haile Supreme for å setje ekstra smak på greiene.
Vi seie det ofte, men no er det verkeleg tid for å finne fram danseskoa. Dei kjem til å bli utslitt! Herre min hatt, vi gleda oss!!