top of page
ELVEVANDRING MED MÆGZ
Elvevandring med Mægz er eit fast og høgt akta inventar på festivalprogrammet. Vi gleda oss til å ta turen opp Skåsheimselva igjen!
Dette er ein roleg og rå oppleving på same tid: Vandring i elva, stille natur, frisk luft – og kanskje eit lite bad for dei som vil. Delar av ruta går i sjølve elva, men det finst òg ein tørr sti langsmed for dei som helst vil halde seg tørre på beina. Vi anbefalar å gå barbeint i elva, men lette joggesko eller badesko funkar også fint. Gratis for alle festivaldeltakarar.
bottom of page



