top of page

Evig Ferie

Evig Ferie til Badeklubbfestivalen!!

Med instrumentbaserte låtar og melankolske tekstar lagar Evig Ferie bølgjebasert musikk som flyt på kjensler. Kall det indie, pop’n’roll eller kva du vil. Hoppar du inn i den gamle folkevogna deira, blir du frakta inn i eit landskap av rein auditiv nytelse.
 

Bandet kjem med solid erfaring frå både festival- og klubbscener, utselt Rust i København og eit smekkfullt Rockefeller då dei sleppte sitt tredje album Klarer meg bra i 2024.
 

Men karane har ikkje lege i dvale i 2025 heller. På vårparten segla Evig Ferie-skuta både styrbord og babord med den sjangersprikande mixtapen Restplass vol. 2. Der ligg heile 48 prosjekt som ikkje – men kanskje burde – ha fått plass på eit album. Tidleg på sommaren kom det òg ein singel saman med den kruttsterke duoen Brenn.
 

I fjor feira bandet fem rundar rundt sola med ein stappfull bakgard på Dattera til Hagen. Det blei ikkje noko mindre knall stemning då dei like godt tok over heile Grønlandsleiret med miniramp, skatecontest, pølsefest og konsert.Same sommaren varma dei opp for sjølvaste deLillos under 40-årsjubileet deira.
 

Dette er ikkje eit band. Det er ei bande.

Og i sommar kjem dei til oss ved fjorden. Glede seg!!! 

5. Evig Ferie Ramme.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page