top of page

Funk For Forest

Funk For Forest er rein energi pressa inn i ein særs funky og dansbar pakke. Dei siste åra har klubbfenomenet sett fyr på stappfulle dansegolv i Oslo, og no tek dei med seg den særegne blandinga av jungelfunk, disco og afrobeat til fjorden.
 

Det åtte personar store orkesteret tar deg frå fengande blåselinjer til tight funkgitar, via djupe bassgroovar og vidare inn i brennheite tromme- og perkusjonsbrekk. Målet er eigentleg ganske enkelt: å gi publikum kronisk rockefot. Det er vi heller ikkje i tvil om at vil skje hjå oss i hagen.
 

Dette er svett, rytmisk og umogleg å stå stille til. Med andre ord: gjer dikka klare!!

6. Funk For Forest ramme.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page