HUBBABUBBAKLUBB
Vi hugsar første gong vi høyrde 'Mopedbart' som om det var i går. Signaturlåta frå Hubbabubbaklubb, eit elektronisk kollektiv frå Oslo med eit unikt drag av fjordmakossa funk, disco, groove og psykedelia. Med ei felles forkjærleik for det ein kan kalle «la det surre»-filosofien, brukte dei nesten ti år på å snike fram debutalbumet Drømmen Drømmerne Drømmer (2018) på Snorkel Records - eit album som lokkar fram lag på lag med tekstur og mystikk.
Dei har tatt seg god tid, surra seg gjennom både studio og klubbkveldar, og spelt på alt frå kjellarklubbar til store festivalar i Norge og utlandet. No kjem dei til oss, med full trøkk og platespelarar opp fjellet – til Orrabenken Boiler.
Ein utandørs DJ-rig med utsikt over heile fjorden, og stemning som berre kan oppstå når sola fell og bassen får puste. Dette blir stort.
Gled dikka, til sol i sjela og bass i beina!