top of page

Kløbb Ka2

På den mørkare og meir mystiske sida av universet til duoen Ka2 finn du Kløbb Ka2. Musikk som er laga for å ta deg med på ei reise, anten det er på dansegolvet eller heime i di eiga stove med lukka auge og headset på. Inspirert av norsk natur, mytar og urmusikk kombinert med rytmar frå techno, house og elektronisk musikk er låtane ofte ei reise som utforskar dei eksistensielle spørsmåla i livet.
 

Å oppleve Ka2 bak DJ-spakane er ei reise i seg sjølv. Duoen er kjend for sine energiske DJ-sett med livevokal, der dei kombinerer sine eigne låtar med dansbar musikk som dei sjølv elskar. Målet er som alltid å spreie kjærleik, fridom og krafta i det å berre vere.
 

Med internasjonal merksemd og over 6 millionar avspillingar på klubbmusikken åleine, og ei rekkje utselde Kløbb-opptredenar, er duoen eit veksande fenomen.

I sommar kjem dei til oss, til Badeklubbfestivalen, opp fjellsida til Orrabenken Boiler. 
Om det skulle råde nokon tvil… Festen held fram.

Kløbb Ka2_2.png

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
bottom of page