


LØPETUR MED DRAGEBENNY
Dragebenny er nybakt far og livet har blitt endå travlare enn før — men fortvil ei, babyen er lagt, og fjella kallar. Bli med ut på dei magiske stigane og ville fjellsidene i Balestrand — den perfekte starten på dagen. Dette er ikkje berre ein løpetur; det er ein liten karamell du kan gå og sutte på resten av festivalen. Ein slags dessert før festen eigentleg har byrja. Som om crème brûlée møtte ei tilslørd bondepike i ein mørk bakgate og fekk eit lite søtt sitronmelisse-barn.
Vi skal inn i det nasjonale og det urnorske. Inn i landskapet som Tidemand og Gude stod og måla medan dei tok sopp og naut kvarandre medan dei fabla om dei vanvittige fjella rundt Balestrand. Og no skal vi inn i det måleriet sjølv. Vi er penselstrøka som flyt elegant over lerretet. Nakne sjeler i rørsle. Nakne leggar i motbakke. Som gaseller over savannen — berre at dette ikkje er Afrika. Dette er Balestrand. Du er ikkje ei gaselle. Du er eit menneske. Og du lever.
Det garanterast sveitte, kanskje ei tåre (av glede), og blod som brusar gjennom kroppen som vårflaum i Sognefjorden. Pulsen skal opp, lungene skal opnast, og beina skal få kjenne at dei lever.
Så knyt på deg løpeskoa, rist laust festivalstøvet frå kroppen og bli med opp i fjellet. Vi spring ikkje frå noko. Vi spring rett inn i livet.
Denne aktiviteten har avgrensa plassar. KLIKK HER for å melde deg på.
OPPMØTE: kl. 10:15 utanfor Balestrand Hotell
