top of page
Fjord, fjøre, pustande vindar frå fjell og tind, gjel og dalsøkk. Urter som ramslauk og skårakung, blandar seg i dette draget. Keipen Lokalmat pustar og lever i desse kulissane, og me held i hevd gamle handverkstradisjonar med ein moderne vri. Røyking av laks har lange tradisjonar her i Balestrand. Me tørrsaltar før me kaldrøykjer og slik får me ein god balanse mellom det reine, salte og røykte. Røykelaksen vår - Menes Røykelaks - tek over hundre timar å lage, og er perfekt mellom slaga på BALESTRAND BADEKLUBB FESTIVAL.
I tillegg til boden vår på festivalen, finn du oss midt i sentrum av Balestrand.
KEIPEN LOKALMAT
Holmen 5
6899BALESTRAND
TLF 908 68943

bottom of page