top of page

LEMAITRE

​​​​Oppdatering: Det er med eit veldig tungt hjarte at vi må meddele at våre kjære vener i Lemaitre dessverre må avlyse konserten sin hos oss på fredag grunna sjukdom. Vi ønsker dei sjølvsagt velkomne tilbake ved neste anledning<3 

Vi har klødd oss i hovudet for å finne ein verdig erstattar - og føler vi har treft blink. Fredagens nye headliner kan du sjå HER


 

​

Våre gode vener, Ulrik og Ketil i Lemaitre, tar turen til festivalen som headlinarar i sommar. ​​Med mange millionar strøymingar, samarbeid med verdsstjerner og spelejobbar på festivalar som Coachella og Lollapalooza, har Lemaitre for lengst markert seg som ei av dei store drivkreftene innan elektronika. ​​Etter suksessen med debutalbumet Substellar (terningkast 6 i Aftenposten) og EP-ane RED og BLUE i 2024 - der låtar som Pixelheart og In Your Mind fekk strålande omtale - tar duoen no ting til eit nytt nivå. I 2025 kjem dei med fersk musikk, og vi kan nesten ikkje vente. 

 

Lemaitre gjer oss framleis starstruck, og dei bles manken av oss kvar einaste gong vi ser dei live. ​Når dei står på scena hos oss, med fjorden som bakteppe, kan du vere trygg på at du vil få servert det beste av live elektronika, med energi og beats som sit i kroppen lenge etter siste drop!​ â€‹

BBKF25-artister-250204-lemaitre.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page