top of page

LØPETUR MED DRAGEBENNY

Løpetur med Dragebenny.png

Dragebenny er nybakt far og livet har blitt endå travlare enn før — men fortvil ei, babyen er lagt, og fjella kallar!

 

Bli med ut på dei magiske stigane og ville fjellsidene i Balestrand — den perfekte starten på dagen. Dette er ikkje berre ein løpetur; det er ein liten karamell du kan gå og sutte på resten av festivalen. Ein slags dessert før festen eigentleg har byrja. Som om crème brûlée møtte ei tilslørd bondepike i ein mørk bakgate og fekk eit lite søtt sitronmelisse-barn.

Vi skal inn i det nasjonale og det urnorske. Inn i landskapet som Tidemand og Gude stod og måla medan dei tok sopp og naut kvarandre medan dei fabla om dei vanvittige fjella rundt Balestrand. Og no skal vi inn i det måleriet sjølv. Vi er penselstrøka som flyt elegant over lerretet. Nakne leggar i motbakke. Som gaseller over savannen — berre at dette ikkje er Afrika. Dette er Balestrand. 

Det garanterast sveitte, kanskje ei tåre (av glede), og blod som brusar gjennom kroppen som vårflaum i Sognefjorden. Pulsen skal opp, lungene skal opnast, og beina skal få kjenne at dei lever.

Så knyt på deg løpeskoa, rist laust festivalstøvet frå kroppen og bli med opp i fjellet. Vi spring ikkje frå noko. Vi spring rett inn i livet.

Denne aktiviteten har avgrensa plassar. KLIKK HER for å melde deg på.

OPPMØTE: Onsdag kl. 10:15 utanfor Balestrand Hotell 

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
Sogndal kommune logo.png
Sparebanken Norge.png
Logo+Sogndal.png
frydenbø logo.png
Kviknes hotell logo.png
xl bygg logo.png
joker logo grønn.png
Nesseplast logo.png
bottom of page