


Morgenstrekk med Aust
Slik det dansast på festivalen er det lita tvil om at ein god strekk hadde gjort seg.
Dette er ei fin og roleg økt for deg som vil kome i riktig modus før helga tek av.
Timen bygger på X, men Thea blandar òg inn element frå vinyasa og yin-yoga – ei roleg og fysisk økt som byrjar med solhelsing og pust i flyt, før mjuke, djupe strekk. Dette er heilt lågterskel, perfekt for å få kroppen og hovudet på plass, klart for dans og stemning<3
OBS! Denne aktiviteten er véravhengig. Om det er for kaldt til å vere ute utgår det. Aktiviteten har påmelding så vi kan vite kor mange som vil delta, då vi har avgrensa yogamatter.
Når: Klokka 12 fredag 22. august
Oppmøte: På plassen utanfor Balestrand Hotell
Denne timen er for deg som kjem tidleg til festivalen og vil starte helga med senka skuldrer <3
