top of page

ODDNY

Vestlandets underfundige poprakett på veg inn for landing: ODDNY kjem til Badeklubbfestivalen! 

Desse
legendariske gutane frå Bremanger har tatt landet med storm
– 20 veker A-lista på P1 med "Oktober, Bergen by", og rett i fanget på Luttprisen som Årets nykommar i 2024. Musikken deira? Ein magisk miks av folk, rock og honningsøt pop, servert med dialekt, nerve og ein sceneframferd som får sjølv den mest sjenerte til å danse. 

Dei held til i "Gamlehuset på Håjen" i Bremanger, der dei bryggjar saman musikalske skattar. Om dei store tinga i det små, med låtar som går rett heim, utan å banke på. 
Og no? No er dei klare for Balestrand.

Vi ha digga dei sidan dag 1 og gleda oss til deilig dialekt og vestlandsk sjel foran fjorden hos oss!!

BBKF25-artister-250317-Oddny.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page