top of page

ORA THE MOLECULE

Sjå opp, ei ekte discodronning flyg inn for landing... Ora The Molecule kjem til badeklubbfestivalen!

​

Frå ei lita hytte på Ringerike har ho skrudd saman sin eigen soniske galakse – eit univers av italodisco, 70-tals klubb og retrofuturistiske synthar, krydra med ein heilt unik forteljarstemme. Vi snakkar glitter på veggane, svette i panna og beats som fører deg rett ut i verdsrommet.  

 

Ora har dei siste åra spelt både klubbsett og livekonsertar, og stått på scena med alt frå DJ-booth til fullt band. Ho har varma opp for Røyksopp, turnert med Hubbabubbaklubb og stått på scener i London, Berlin og Paris. “Løveskatt” frå i fjor haust dunkar godt i høgtalarar verda over – støtta av legender som Lindstrøm, Rune Lindbæk og Prins Thomas.
 

I år slapp ho det enormt fengande albumet “Dance Therapy” – og vi får no æra av å oppleve det i hagen vår. Dette blir dans, draum og disco deluxe <3 â€‹

BBKF25-artister-250522-orathemolecule.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page