top of page

INFO & REGLAR

Campane er for dei som har kjøpt teltplass, slik at vi kan ta vare på området og skape ei god oppleving for alle. Frivillige vil hjelpe med plassering av telt for å sikre plass til alle, og det vil vere vakthald om natta. Det forventast at alle som har teltplass følgjer camp-reglane: 


ALDERSGRENSE OG INNSJEKK
Ein må vere over 18 år og vise festivalpass og teltplassbillett ved innsjekk.


TELTING
Det er avgrensa med plass på campane, så ta omsyn til andre når du slår opp teltet ditt. Ikkje spre deg meir enn du treng.
Sjå elles reglane for allemannsretten om det er noko meir du lurar på.
Dei kan du lese HER.



ORDENSREGLAR
Følg vaktene og skilting, og vis omsyn til avsperringar og naboar i området.
Det skal vere stille i campane kl. 23:00 kvar kveld. Unngå å spele høgt frå høgtalarar under konsertar og seint på kvelden.

FASILITETAR
Camp Skev: Tilgang til strøm på campen, toalett på festivalområdet. Vatn i nærleiken. 
Camp Bala: Toalett på campen. Ikkje tilgang til strøm eller vatn - men ein kan nytte den fine badeplassen like ved for ein deilig dukkert i fjorden.


AVFALLSHANDTERING
Du har ansvar for å halde teltplassen din ryddig og kvitte deg med eige søppel. Det vil vere stasjonar for avfall og pant – bruk dei flittig, så tek vi vare på naturen og den fine bygda vår <3

GRILLING OG OPEN ELD
Grilling og bruk av primus er ikkje tillate på eller i nærleiken av gras eller anna brennbart materiale. Skal du grille, må det skje på eigna plassar i tråd med brannvernsreglane til kommunen.



Og elles:
Drikk vatn, et godt, bruk solkrem om sola steiker, og kos deg!
Og ikkje minst: ver snille med kvarandre. Då blir dette - nok ein gong - verdas finaste festivaloppleving <3 

 

LA-BALESTRAND-2025-18.jpg

PS: På både Camp Skev og Camp Bala ventar ein premie til gjengen som skapar mest kos og moro rundt teltet sitt. Døyp campen din, pynt han fint, hald det ryddig og spre god stemning - så kan det vanke premie! 

Klikk her for meir info om overnattingsmoglegheiter i Balestrand.

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
Sogndal kommune logo.png
Sparebanken Norge.png
Logo+Sogndal.png
frydenbø logo.png
Kviknes hotell logo.png
xl bygg logo.png
joker logo grønn.png
Nesseplast logo.png
bottom of page