PIKEKYSS
Pikekyss har herja 2024, og no er dei klare for å gjere Balestrand til sin leikeplass i 2025!
Indie pop-bandet frå Oslo er sett saman av Alma og Helén. Kjende for sin dansbare og gitarbaserte stil, har Pikekyss sanka gode tilbakemeldingar for liveshowa sine, og har stått på scener som Øya Klubbdagen, By:Larm, Vill Vill Vest, Trondheim Calling, Piknik i Parken og Slottsfjell.
Pikekyss starta som eit hobbyprosjekt då dei møttest på vidaregåande i 2014. Bandet har hatt fleire medlemmar opp gjennom åra, ofte rekruttert via Tinder og ItsLearning (faktisk, ja!). Mange konsertar, låtar, samarbeid og fuktige kveldar seinare leverer Pikekyss akkurat det lyttarane vil ha: Dansbare og lystige låtar, såre og ettertenksame tekstar, energiske og fengjande gitarriff – og ekte speleglede, både på scena og i studio.
I 2023 sleppte dei debutalbumet 'Til det føles fint', eit stort høgdepunkt. Om du likar catchy melodiar, tekstar som treff rett i hjarterota og energi på scena som gjer at du aldri vil heim – ja, då vil du sjå Pikekyss med verdas finaste backdrop hos oss i sommar. Vi veit at låtar som "Planet" og "Herregud" kjem til å bidra til ødelagt plen. Og GØY blir det!