top of page
RIB_2.png

RIB-TUR MED BALESTRAND FJORD ADVENTURE

Ein frisk måte å starte festivalen på! 

Kjenn vinden i håret og adrenalinet pumpe medan du susar over fjorden i ein RIB-båt.  Denne guida turen gir deg ikkje berre fart og spenning, men også ein unik sjanse til å oppleve den storslåtte naturen rundt Balestrand.​

Opplevingar under turen:

  • Storslått natur: Få eit nært møte med dei majestetiske fjella og dei vakre fjordarmane som omkransar Balestrand.​

  • Lokale historiar: Guiden din vil dele fascinerande forteljingar om området, kulturarven og dei skjulte perlene langs fjorden.​

  • Unike stoppestader: Undervegs vil det bli fleire stopp der du kan ta bilde og nyte utsikta, inkludert besøk til idylliske stadar som Esefjorden og Kvinnefossen. ​

 

Praktisk info: 

  • Varigheit: Turen varer i om lag 1,5 time.​

  • Utstyr: Du vil få utdelt naudsynt sikkerheitsutstyr før avreise, inkludert flytevest og varme, vassavstøytande drakter.​

  • Møtestad: Turen startar ved turistinformasjonen i Balestrand.​

    Er du tidleg ute kan du vere heldig å nytte ein avgrensa rabattkode! Rabattkoden er BADEKLUBB

Les meir om turane og bestill her ​

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
Sogndal kommune logo.png
Sparebanken Norge.png
Logo+Sogndal.png
frydenbø logo.png
Kviknes hotell logo.png
xl bygg logo.png
joker logo grønn.png
Nesseplast logo.png
bottom of page