top of page

Side Brok

Festivalsjef-favoritt Side Brok kjem til Badeklubbfestivalen!!

Den sunnmørske rapgjengen har i over tjue år blanda humor og alvor, det ironiske og det inderlege – gjerne i same rim. Stilen er tung samplebasert hip-hop med mange originale og uvanta twistar, og det er nettopp denne evna til å overraske som gjer dei så umoglege å setje i bås.

På scena er Side Brok ei kraft. Tekstane er kvasse og fulle av doble botnar, men det er varmen og fellesskapet i musikken som sit att. Dei tar deg frå å le høgt til å kjenne det i magen – nokre gonger i løpet av same låt.

Til Badeklubbfestivalen kjem dei med ferskt materiale frå albumet «All verda», der dei har samarbeidd med sin gode ven og favorittbonde Sirkel Sag og fått med seg gjestevokalistar som Stein Torleif Bjella, Joddski og Egil Olsen. På scena framom fjorden kjem heile Side Brok-gjengen, samla og intakt. Vi gleda oss!

Side Brok.png

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
Sogndal kommune logo.png
Sparebanken Norge.png
Logo+Sogndal.png
frydenbø logo.png
Kviknes hotell logo.png
xl bygg logo.png
joker logo grønn.png
Nesseplast logo.png
bottom of page