top of page

Sofi O

Mange kjenner Sofie Tollefsbøl som den karismatiske vokalisten i det kritikarroste bandet Fieh, der ho dei siste åra har markert seg som ei enormt spennande stemme innan nordisk soul, funk og alternativ R&B. Med Spellemannsnominasjon, sterke utgivingar og konsertar både i Noreg og internasjonalt, har ho vist seg som ein artist med ein heilt eigen signatur. 
 

No kjem ho til oss, til Balestrand!! Med soloprosjektet Sofi O får Sofie endå friare rom, og resultatet er eit leikent og særprega lydunivers der soul, R&B, hiphop og uventa popidéar får møtast på hennar eigne premiss. På scena har ho med seg nokre av landets råaste musikarar. Gjer dikka klare for lun groove, sterke melodiar og ei heilt nydeleg stemme! 

3. Sofi O Artistramme.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page