top of page

​​

TØFL spelar med ein driv som aldri stoppar – dei syng om både det fine og det fæle, med ein råskap som treff deg midt i bringa. Dei siste åra har bandet levert kritikarroste, uforgløymelege konsertar, og då dei headlina Mablis-festivalen i 2024, smalt Aftenbladet til med ein solid 5’ar. Når TØFL står på scena, blir det rungande allsang og total kollektiv ekstase. Me snakkar fersk indiepop servert rett frå gitarkassa. Og grensa mellom publikum og band? Vekke. 

Med debut-EP’en Eg ska (2018) tok TØFL plass i norsk musikk på null komma niks. Dei har ein sjuk evne til å setje ord på opplevingar alle kan kjenne seg igjen i. Debutalbumet Eg fins, WTF!? (2022) fekk knallgode anmeldingar, og turnéen etterpå selde ut legendariske scener som Rockefeller og Samfundet i Trondheim. Her har det gått i radiohits, Lindmo-besøk og ein fanskare som følgjer dei frå Tromsø til Kristiansand. Og no kjem dei hit. Til oss. Til Balestrand Badeklubb Festival! 

TØFL

BBKF25-artister-241217-tofl.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page