top of page

 VEGEN HIT â€‹â€‹

SLIK KJEM DU DEG TIL BALESTRAND

Balestrand ligg midt i fjordlandskapet – vakkert, men ikkje akkurat på motorvegen. Her er dei enklaste vegane:

Buss
Fleire bussruter stoppar i Balestrand. Sjekk kringom.no for oppdaterte avgangar. Frå Bergen tek bussen rundt 4–5 timar, avhengig av rute.

Hurtigbåt frå Bergen
Frå mai til september går Norled sin hurtigbåt Bergen–Balestrand dagleg. Reisetid ca. 4 timar, og vi tør påstå at dette er den finaste festivalreisen du får. Sjå Norled for ruter og billettar.

Fly

Førde Lufthamn Bringeland (96 km frå Balestrand) – daglege Widerøe-fly frå Oslo/Bergen.

Sogndal Lufthamn Haukåsen – nærare, men krev ferje Hella–Dragsvik (ca. 20 minutt over fjorden).
Frå begge flyplassane går det buss eller taxi til Balestrand.

Bil
Frå Bergen: ca. 4–5 timar via E39 og riksveg 55 (ferje Oppedal–Lavik).
Frå Oslo: ca. 6–7 timar via Hemsedal eller Filefjell. Tips: Sjekk ferjeruter og bussavgangar på førehand – det er ikkje like mange avgangar som i byane.

R1-04484-0035.png

God tur!

Du kan også bla heilt ned på heimesida til hotellet, for kart og meir info:
 
www.balestrand.com/info
​​​​​​
Har du spørsmål? Sjå heimesida eller kontakt oss:

www.balestrand.com

+47 57691138

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page