YOGUTTENE
Me snakkar ei av dei mest ikoniske rap-gruppene Norge har sett, rett inn på Balestrand Badeklubb Festival!
Gruppa blei til i Oslo i 2011, i eit bokollektiv midt på Grünerløkka. Det starta eigentleg som ein Twitter-konto der Jenny Skavland dreiv og slida inn i DM’ane til amerikanske rap-stjerner. Kollektivet smalt saman sin første hiphop-låt, og bam – YoGuttene var på beina.
Ka er greia med atistnamna, lurar du? Eit nikk til kjendiskvinnene Jenny Skavland, Linni Meister, Tone Damli og Anna Anka. Ei grei blanding av humor og street cred. På ein fest møtte Jenny Skavland Idol-Tone, og dei fann kjapt ut at dei begge digga gangstarap. Dei bestemte seg for å lage ein ny låt saman, og under ein legendarisk togtur – medan dei såg ein dokumentar om hiphop-gruppa Side Brok – rekrutterte Skavland studiekameraten sin, Handerre Linni, til prosjektet. Så kom Onge Anka inn i miksen, og resten er, som dei seier, historie.
EP’ane D’Sant 1 og D’Sant 2 kom ut på Oslo Records, men no styrer gruppa sitt eige label, YGMG, som framleis har ein fot innanfor Oslo Records. Kjende for sine kaotiske og underhaldande opptredenar, er det ingen tvil om at YoGuttene kjem til å rive godt i scena ved fjorden hos oss. Detta blir galskap! TU$ENTAK