top of page

ZUPERMARIA

Ho e fet, ho e flink og ho e god-stemning-garanti. Vår kjære ven, ZUPERMARIA, kjem tilbake!
 

Zupermaria er ikkje berre ein artist for oss – ho er ein av våre eigne. Eit fast inventar i gjengen heilt sidan Balestrand Badeklubb blei til.
 

Frå ho først dukka opp på radaren i 2019, har Maria Træbakken levert leiken bergenspop for både dansefoten og hjarterota. Med det nyaste albumet sitt, 'Det tørker i solen', tar ho oss med på ei ærleg reise gjennom tjueåra sine. Her får vi sårbarheit og fest i same pakke – tekstar som treff deg rett i levra og melodiar som drar deg vidare ut på dansegolvet. 
 

Sidan debutsingelen ‘Unnskyld’, har Maria slept ein solid bunke singlar og to album, fått listeplasseringar på nasjonal radio, blitt nominert til P3 Gull og levert konsertshow til høge terningkast frå anmeldarane.

 

Endeleg gjer Zupermaria ein etterlengta retur til festivalen vår i sommar. MAGISK blir det!

BBKF25-artister-250303-zupermaria.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page