


CAMP
I år er to ulike campområde tilgjengelege under festivalen: vår eigen festivalcamp, Camp Skev, og Camp Bala på Balehaugen, ein spasertur 5 minuttar frå festivalområdet. Grunna ulik standard varierer prisen, og det er avgrensa med plass på begge campane.
INNSJEKK CAMP:
Måndag 13. juli kl. 17 - 20
Tirsdag 14. juli kl. 12 - 16
Kjem du utanom desse tidene, finn du informasjon ved inngangen til campane om kvar du skal henvende deg.
Ein kan telte frå tidlegast kl. 17 måndag 13. juli til torsdag 16. juli. På campane skal det vere stille kl. 23, av omsyn til andre teltarar og fastbuande i Balestrand. Det vil vere vakthald om natta. Ved innsjekk vil det vere snille frivillige som hjelper med plassering av telta slik at det blir plass til alle. Det blir Chargo-stasjonar med ladebankar tilgjengeleg på begge campane.
Ved kjøp av teltplass forventast det at ein følgjer campreglane. Dei kan du lese her.
På både Camp Skev og Camp Bala ventar ein premie til gjengen som skapar mest kos og moro rundt teltet sitt. Døyp campen din, pynt han fint og spre god stemning - så vankar det ein skikkeleg bra premie!
Klikk her for å kjøpe teltplass. Sjå lenger ned for meir info om overnattingsmoglegheiter i Balestrand.
CAMP SKEV
I fjor fekk vi vår aller første festivalcamp, og det er klart at vi må gjenta suksessen! Den er nok framleis noko av det skevaste du har vore borti, men han har òg den finaste utsikta du kan tenkje deg, rett mot fjorden.
På Camp Skev er det tilgang til straum, vatn i nærleiken og toalett på festivalområdet. Campen ligg i eit område med mykje skråning. Vi snakkar nedpå og ujålete forhold <3 - difor rimeleg pris.
Klikk her for å kjøpe teltplass.
CAMP BALA
Camp Bala ligg på Balehaugen, like ved Kong Bele-statuen og rundt fem minuttar frå festivalområdet. Toalett og vakthald på campen. Det er ikkje tilgang til strøm, men Chargo-stasjonar med ladebankar tilgjengeleg. På campen er det heilt flatt og godt med plass, og prisen er 600 kr per teltplass.
Camp Bala ligg rett ved ein barnehage, og vi forventar at alle tek omsyn til det – både når det gjeld støy og åtferd. Like ved finn du den offentlege badeplassen, perfekt for ein morgondukkert i fjorden. Vi ber alle følgje ordensreglane og rydde opp etter seg – vi vil ta vare på bygda vår, og naturen er det viktigaste vi har. Klikk her for å kjøpe teltplass.
TELTING I BALESTRAND
Det er mykje mark og skog rundt Balestrand, så ein kan enno finne seg plass å telte om dei ordinære campane blir fulle. Då er det allemannsretten som gjeld.
I tillegg har vi mange hyggelege naboar som gjerne låner bort plass i hagane sine. Vi anbefaler å sjekke gruppa Det skjer i Balestrand på Facebook og poste eit innlegg om ein er på leit etter teltplass. Då kan det vere gode sjansar for at nokon vil ta dikka imot <3
Klikk her for andre overnattingsmoglegheiter i Balestrand.

