


Skatebård
Skatebård er ein norsk DJ, produsent og musikar innan elektronisk musikk, opprinneleg frå Ørsta, busett i Bergen. Han ga ut første albumet sitt, 'Skateboarding was a Crime (In 1989)', i 2002 og har sidan gitt ut fem soloalbum, minst 20 vinyl-EP'ar/singlar og over 30 remixar. I tillegg finst det tre Boiler Room-sett på YouTube og godt over 100 DJ-sett på SoundCloud. Dei siste ti åra har Skatebård turnert ekstensivt rundt i Norden, Europa, Australia og Asia, og spreidd sitt univers til klubbgolv over heile verda.
Han er kjend for sin unike stil som blandar gammal rave og house med synthpop og italo-disco, alt samla i eit uttrykk som kjennest som ei kosmisk reise godt på veg ut atmosfæren og til det ytre rom.
Gjer dikka klare for å danse inn i mørke natta på tirsdagens etterfest. Det blir episk.
