top of page



ETTERFEST TIRSDAG: Badeklubb med Skatebård
Etter suksessen i fjor er Teknoteket tilbake på same lokasjon, med same lydrigg som fekk veggane til å be om nåde sist. Vi snakkar varme grooves, tunge smil og dansing langt inn i den delen av natta der fuglane byrjar å vakne.
På plakaten er ingen ringare enn Skatebård. Ein legende i norsk elektronisk musikk som i over tjue år har reist verda rundt med sin heilt særeigne miks av rave, house, synthpop og italo disco. Musikken hans kjennest litt som å bli plassert på dekk på ei kosmisk ferje med kurs for det ytre rom, medan nokon serverer deg ein discokule og seier «hald fast».
Når Skatebård tek over er det berre éin ting å gjere: gi slepp.
Velkomen til etterfest.
Produsert av Teknoteket og Balestrand Badeklubbfestival.
bottom of page

