top of page

 HUGSELISTE 
Vi har laga ei liste over det du treng å vite til du kjem til festivalen: 

​ Stad og dato 
Festivalen skjer i hagen ved Balestrand Hotell, rett ved fjorden.
14. - 15. juli 2026.

 
 Aldersgrense og ID 
18-årsgrense på festival og camp. Hugs gyldig legitimasjon.

 Billettar og band 
Ha digital billett klar ved innsjekk, så får du festivalband. Etterfestane har eigne billettar.

 

 Vegen hit 
Vi anbefalar å reise kollektivt: sjekk ruter hos Kringom, Entur og Vy.
Frå Oslo inngår ferjene Fodnes–Mannheller og Hella–Dragsvik. Sjekk Statens vegvesen for live-oppdateringar. Det er mogleg å fly til Førde eller Sogndal. Ein kan også ta hurtigbåt frå Bergen.

Meir info finn du HER.   

 Parkering 
Det er avgrensa med parkering i bygda vår. Samkøyr, gå eller bruk kollektiv der du kan. Bubilar må bruke oppsette plassar frå Sogndal kommune. Les meir HER.

 Festivalcamp 
Eiga camp rett ved hotellet for dei som har kjøpt teltplass.  Følg vakter, skilting og avsperringar. Les meir om campen og ordensreglar HER.
 

 Open eld og grilling 
Ikkje lov med open eld/primus/grill på eller nær gras. Skal du grille, bruk eigna plassar i tråd med brannvernreglane til kommunen.
 

 Alkohol og rusmiddel 
På festivalområdet nyttar vi skjenkebevilling – medbrakt alkohol er ikkje tillate. På festivalcampen gjeld norsk lov og vanleg folkeskikk. Ulovlege rusmiddel er forbode.
 

 Bading 
Fjorden er herleg for ein dukkert, men den er djup: bad ansvarleg.
Vi frårår bading i rusa tilstand eller åleine i mørket.
 

 Avfall og resirkulering 
Hjelp oss å halde både festivalen og bygda rein og fin. Bruk stasjonane for avfall og pant – dei er tydelege og lette å finne.
 

 Naboar og eigedom 
Vis omsyn til naboane våre. Ikkje bråk ved eller opphald deg på private eigedomar rundt festivalområdet. Vi håpar alle behandlar bygda vår like fint som tidlegare år. 
 

 Tryggleik 
Følg vakter, sperreband, gjerder og skilt – dei er der for sikkerheita di.
Ta kontakt med vaktene om du eller ein ven treng hjelp.
 

 Universell utforming 
Vi gjer vårt beste for å sikre universell utforming. Treng du tilrettelegging? Ta kontakt, så finn vi ei løysing. Kontaktinfo finn du nederst på sida HER.
 

 Ei siste oppsummering 
Hugs legitimasjon og billett, varme klede, øyreproppar og gode sko til å både gå og danse i. Drikk vatn, et godt og bruk solkrem om sola steiker.

Og viktigast:
Kos dikka og ver snille med kvarandre! Då blir dette, nok ein gong, verdas finaste festivaloppleving.

aTruffle_DSC-14.png

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
bottom of page