top of page
Orrabenk_1.png

Høgdepunktet for mange! Klubben oppi fjellet fylt med kjærleik.
I år er det ei stor ære og vill glede å kunne dele at vi får sjølvaste
Kløbb Ka2 på Orrabenken Boiler.

 

Dei snille flinke gode gutane bak Kløbb Ka2 er ikkje berre våre kjære vener gjennom mange år, men òg nokon vi ser enormt opp til. Dei har den siste tida reist land og strand i ein lekker bubil og fortrylla fjellheimar, folk og fe. No kjem dei til oss, til fjellsida over fjorden. Ryggsekken er full med masse ny spinnvill musikk – som dikka Badeklubbarar vil vere blant dei første som får høyre. Dette blir ekte magi og trolldom! 


Les meir om Kløbb Ka2 og det som ventar dikka på Orrabenken HER.

Kløbb Ka2_2.png

Bak DJ-spakane på Orrabenken vil vi også få oppleve Mikkel Rev - kjernemedlem av Ute-kollektivet og eit spennande fenomen i norsk underground. Og vår råe ven og faste hus-DJ, Resident Rainer. Rainer er grunnleggjaren bak Orrabenken Boiler, som har vore eit fast innslag på festivalen heilt sidan starten. Dette blir full trøkk og noko heilt spesielt.

3_Mikkel Rev.png
4_Resident Rainer.png

AVREISE FRÅ BALESTRAND HOTELL KL. 10:30

Programmet på Orrabenken varer frå 11:00 til 16:00. Sørg for å ha med deg det du treng av drikke (ikkje bli dehydrert!), energipåfyll, solkrem og gode klede. Ikkje minst gode sko til å gå og danse i. Om ein vil reise utanom fellesavreisen, er det ein tur på ca. 30 min frå Sagatun skule. Følg skilt mot «Orrabenken».

Gratis for alle <3

Vi dansast på fjellet! 

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Facebook
  • Instagram
Sogndal kommune logo.png
Sparebanken Norge.png
Logo+Sogndal.png
frydenbø logo.png
Kviknes hotell logo.png
xl bygg logo.png
joker logo grønn.png
Nesseplast logo.png
bottom of page